Fôranalysevurdering

25. august 2010, Oddbjørn Kval-Engstad i Fagforum Grovfôr

Fôranalysebevis kan vera omfattande og ikkje alltid lett å tolke. I Norsk Landbruksrådgiving Hordaland utviklar dei eit verkty for betra utnytting av verdifull informasjon, både til fôring og dyrking.

Lise Austrheim og Bart van Gool i NLR Hordaland har sidan 2009 arbeidd med eit prosjekt for utvikling av eit verkty for tolking av fôranalysebevis. Prosjektet er økonomisk støtta av m.a. Norsk Landbruksrådgiving. Målet har vore å koma fram til ei meir lettfatteleg oppsummering med kommentarar og forslag til tiltak i høve til dei viktigaste faktorane på analysebeviset. Les litt meir om prosjektet hjå NLR Hordaland. Verktyet er testa lokalt og vurdert av fleire sentrale fagfolk på seminar i sommar. No er innspurten i utviklinga, så snart kan vi tilby eit verkty for målretta grovfôrrådgiving !

Fôranalysebevisa inneheld mange opplysningar, og i fleire tilfelle ulike mål for same eigenskap. Det er lett å verta litt overvelda, og vi er redd mange ikkje nytter resultata fullt ut. Automatisk lasting av data inn i planleggjarverkty auker nok heller ikkje bonden si forståing og eigen bruk av resultata. For å få fokus på dei viktigaste parametrane, som bonden kan gjera noko med og ta omsyn til, arbeider Lise og Bart med eit verktøy som er lett å bruke og gjev lettfatteleg informasjon som resultat. Dei legg inn resultata for utvalde faktorar i eit Excel-basert program, som så utløyser automatisk kommentar til resultatet. Som vi veit kan ulike faktorar inniblant sprike i ulike retningar, så det er eigen plass til ei heilheitsvurdering. Bonden får eitt A4-ark med kommentarar og samla vurdering i neven.

Til vurdering er vald ut mål for energi, protein, fiber, fordøyelighet og tørrstoff som standard. Så kan vi legge inn resultat for gjæringsprodukter og mineralinnhald, alt etter kva bonden har tinga av analysar.  Resultata frå kvar einskild bonde kan (og bør) leggjast inn i ein database i reknearket.

Verktyet kan brukast for tolking av enkeltanalysar, men er ikkje minst eigna til målretta rådgiving og tiltak innan både dyrking, såvel haustetid som gjødsling, og fôring.

Utviklarane har attåt eiga kompetanse invitert andre fagfolk til å prøve ut og kome med innspel til verktyet og dei kommentarane som kjem ut. Og ikkje minst har dei testa det på/saman med bønder og sett at både interessa for og forståing av analysane har auka.  I mai vart det halde seminar i Rosendal, med representantar frå Tine, FKRA, Yara, Addcon og NLR Rogaland, for ikkje å gløyme nestoren Magne Mo. I etterkant er verktyet videreutvikla, og no nærmar det seg "klar til bruk" for resten av NLR-rådgivarane.

 

Vurdering av ei nærliggjande eng var ein naturleg del av Rosendal-seminaret. Foto: Oddbjørn Kval-Engstad

 

Kommentarer er ikke aktivert