God vekst i juletre

21. desember 2011t , Jan Ferstad

Produksjon og sal av juletre er ei næring i god vekst. Det produsenteigde salsselskapet Norsk Juletreservice AS, lokalisert på Tau i Rogaland, er kåra til gaselle-bedrift for tredje år på rad.

Satsinga på juletre har vore ein suksess. Gode prisar og aukande volum gjer dette til ei viktig distriktsnæring. Det er potensial for auka volum og fleire nye arbeidsplassar.

Norsk Juletreservice AS har vore eit viktig bidrag til suksessen, og er ein sentral aktør frå planting til sal av ferdig tre, skriv Fylkesmannen i Rogaland.

Dobla omsetning

Selskapet kan i 2011 definerast som gaselle-bedrift for tredje år på rad. Gaselle-bedrift er ei nemning innført av avisa Dagens Næringsliv for bedrifter som har dobla omsetninga si dei siste fire åra. Dei må vere organisert som aksjeselskap, ha ei omsetning på over ein million kroner første året, og ha ryddig økonomi/levert godkjente rekneskap.

Av alle aktive bedrifter i Noreg er det berre fem prosent som får denne nemninga kvart år. Desse gasellane er likevel svært viktige for norsk økonomi og samfunnsliv og står til dømes for heile 70 prosent av veksten innan sysselsettinga i norsk arbeidsliv.

På Gaselle-konferansen i Stavanger 14. november var mange av desse vekstbedriftene samla. Mange av dei var data- og oljerelaterte verksemder. Norsk Juletreservice AS var den einaste innan landbruket. Dagleg leiar Rønnaug Foss Alsvik fortel at Norsk Juletreservice er Gaselle-bedrift for tredje året på rad.

FoU i heile verdikjeda 

Norsk Juletreservice AS er eit produsenteigd salselskap som sel juletre til grossistar, kjeder og torghandlarar. Kontorstaden deira er på Tau i Strand kommune, Rogaland, medan produsentane held til mellom Bergen og Kristiansand.

Selskapet blei stifta i 1998. Det er 50 aksjonærar og mange av desse er produsentar og leverer tre til selskapet. Norsk Juletreservice AS engasjerer seg i heile produksjonen frå planter til ferdige tre, med fagsamlingar og studieturar. I tillegg driv selskapet sine eigne utviklingsprosjekt, og det blir kvart år sett av midlar til forsking og vidareutvikling av næringa.

Norsk Juletreservice samarbeider med Norsk Pyntegrønt og Dansk Juletræsdyrkerforening. Selskapet sel juletre over heile landet og eksporterer også til Danmark, Tyskland, Nederland og England.

> Les meir hos NRK

 

 

Kommentarer

Ingen kommentarer