NLR Sør-Trøndelag har fått 348.000 kroner frå Regionalt Forskningsfond Midt-Norge til forprosjektet "Dyrking av sennepsplante som tiltak mot potetcystenematode (PCN) for å forbetre regional potetproduksjon".
Kartlegging av potetcystenematode, PCN, (både gul og kvit)
viser at den er å finne i store deler av landet. Det er få
kjende og godkjende effektive metodar mot PCN i Noreg i dag.
Resultat frå studiar i andre land, kan tyde på at nokre typar
sennepsplanter kan ha effekt i kampen mot PCN.
Vekselvekst
Sennepsplantene verkar som såkalla biofumiganter. Planta
blir dyrka vekselvis med potet i PCN-infisert jord og pløygd ned i
jorda etter vekstslutt.
I forprosjektet vil vi undersøke om sennepsplanter kan
dyrkast i Sør-Trøndelag. Planen er at flere arter skal prøves.
Gjennomføring
Basen for prosjektet blir lagt til Storfosna i Ørland kommune
der det vart registrert PCN (Ro1) alt i 1985. Det skal leggast ut
fleire forsøksfelt i Ørland kommune. Målet er å få opp nok biomasse
av sennepsplantene for å få effekt av den mot PCN.
Samarbeidspartnarar
Prosjektet blir gjennomført i nært samarbeid med Ricardo Holgado
ved Bioforsk Plantehelse, lokale potetprodusentar, Ørland/Bjugn
landbrukskontor og Hoff SA. I tillegg er forprosjektet forankra i
Grønn forskning i Midt-Norge.
> Les mer om PCN på potet.no