Partane i Jordbruksoppgjeret vart i 2006 einige om å etablere eit satsingsprogram for økologisk sauehald. Mål var at ein vesentleg del av saue- og lammekjøtproduksjonen etter kvart skulle verta økologisk.
Eit av tiltaka var ein rettleiingsaksjon i regi av Norsk Landbruksrådgiving. Prosjektet fekk namnet "ØkoSau", og vart i stor grad samkøyrt med Økologisk Veiledningsprosjekt.
ØkoSau vart avslutta ved utgangen av 2010.